Gå til innhold/innhald
Ti kvinner i Eidsvollsgalleriet på Stortinget.
I 2024 var alle dei parlamentariske leiarane på Stortinget kvinner.
Foto: Stortinget

Kvinner på Stortinget

I løpet av 1900-talet gjekk kvinner frå å ikkje ha stemmerett i det heile, til å innta dei viktigaste politiske posisjonane i landet.
  • 8.–10.

Kort om Stortinget

Stortinget er Noregs nasjonalforsamlig. Kvart fjerde år er det stortingsval. Då vel vi kva 169 representantar som skal ta viktige avgjerder på vegner av heile befolkninga.

Stortingets tre viktigaste oppgåver er:

  • å vedta lover
  • å fordele pengar, gjennom å vedta statsbudsjettet
  • å kontrolle at regjeringa gjer det Stortinget har vedteke

Oppgåver: Korleis har kvinneandelen på Stortinget utvikla seg?

I denne oppgåva skal du jobbe med prosentvis utrekning av kor mange kvinner som sat på Stortinget i utvalde år. Ta utgangspunkt i stortingsvala i 1921, 1949, 1973, 2009 og 2021.

  1. Finn ut kor mange kvinner som vart valde inn på Stortinget ved desse vala.
  2. Lag ein tabell eller diagram som viser kor mange representantar det var på Stortinget totalt, og kor mange prosent av desse som var kvinner.
  3. Kvifor trur du utviklinga er som ho er?
  4. Kva utfordringar trur du kvinner på Stortinget møtte for 50 år sidan, samanlikna med i dag?
  5. Kvifor er det viktig med kjønnsbalanse på Stortinget?