Kvinner i lokalpolitikken
Allereie i 1901 vart dei første kvinnene valde til lokalpolitiske verv rundt om i landet. Godt over 100 år seinare har kvinneandelen i lokalpolitikken aldri vore over 50 %.
Kort om lokalval og kommunestyre
Kvart fjerde år er det kommunestyre- og fylkestingsval. Ofte blir det kalla berre lokalval. Då vel vi kven som skal sitje i kommunestyret, nokre gonger kalla bystyret, og i fylkestinget.
Kommunestyret vedtek budsjettet for kommunen. Budsjettet er oversikta over inntektene og utgiftene til kommunen. Kommunestyret bestemmer også kva pengane skal brukast på, altså dei kommunale utgiftene.
Oppgåver: Kvinner i kommunestyret ditt
- Finn kvinneandelen i kommunestyret ditt på nettsidene til kommunen.
- Framstill dette grafisk, til dømes ved å lage eit søylediagram eller kakediagram.
Samanlikn tala med gjennomsnittet i norske kommunestyre og for Stortinget. Bruk til dømes statistisk sentralbyrå som kjelde. - Synest du kjønnsbalansen er god i norsk lokalpolitikk? Kvifor/kvifor ikkje?