Gå til innhold/innhald
Kvinn går i tog, og en kvinne holder et banner med symbolet for hunkjønn.
Foto: Mike Gonzalez/Pexels

Kvinneleg representasjon i verda

På verdsbasis er det i dag fleire kvinner representerte i parlament enn før. Likevel er andelen langt under 50 % i dei aller fleste landa.
  • 8.–10.

Dei fleste parlament i verda er framleis sterkt mannsdominert. Nokre stader er det ingen kvinnelege medlemmer i parlamentet i det heile.

Kvinner som stiller til val står mange stader overfor heilt andre utfordringar enn menn. Dei må handtere diskriminering basert på kvinners rolle i samfunnet, og må ofte kjempe hardare for å få støtte frå politiske parti til å stille til val.

For å sørgje for betre kjønnsbalanse har nokre land innført lover som sikrar kvinner eit visst tal sete i parlamentet. Dette blir kalla kjønnskvotering og blir mellom anna brukt i Mexico og Dei sameinte arabiske emirata.

Fleire internasjonale organisasjonar jobbar aktivt for å fremje likestilling i parlament rundt om i verda, mellom anna Den interparlamentariske union, der  Noreg deltek.


Faktaboks: Kva er Den interparlamentariske union?

  • Den interparlamentariske unionen (IPU) er ei global parlamentarikarforsamling. Det betyr at medlemmer frå parlament i ulike land er den delen av samlinga.
  • IPU jobbar for å fremje fred, demokrati, samarbeid og menneskerettar i alle verdsdelar. Dei samanliknar óg kvinneleg representasjon i parlament verda over.
  • Stortinget, som er Noregs parlament, har tilsaman åtte medlemmer som deltek i IPU. Alle åtte er stortingsrepresentantar. Fire av dei er faste medlemmer og fire av dei er varamedlemmer.

Oppgåver: Kor godt er kvinner representerte i andre land?

I denne oppgåva skal du undersøkje korleis kvinner er representert i andre land. Ta utgangspunkt i ti land: Noreg, USA, Cuba, Qatar, Rwanda, og fem som de vel sjølv.

  1. Finn ut kor stor prosentdel kvinner det er i parlamenta i desse landa. Du kan til dømes bruke nettsida til IPU for å finne dette.
  2. Lag ein tabell eller diagram som viser forskjellen mellom landa.
  3. Er det nokon av funna som overraskar deg?
  4. Syns dykk kjønnskvotering er rettferdig? Kvifor/kvifor ikkje?
  5. Undersøk om noko liknande blir gjort i norsk politikk.