Gå til innhold/innhald

Hausten 1814: Krig og kompromiss

Tegning av soldater som sloss.
Krigen mellom Noreg og Sverige sommaren og hausten 1814 vart kort. Her frå Langnes i Østfold.
Foto: Andreas Bloch / WikiCommons

Hausten 1814: Krig og kompromiss

  • Artikkel
Etter den store heimeåleinefesten på våren måtte det ryddast opp. Tidleg på sommaren kom Karl Johan heim. Først 4. november var han fornøgd med den norske oppryddinga. I alle fall nesten.
Portrettbilder av Christian Frederik og Karl Johan
Foto: J.L. Lund / Fredric Westin / WikiCommons
Malieri av krigsskip som seiler inn mot Fredrikstad.
Foto: T. F. Heland / Sjöhistoriska Museet / WikiCommons

Same dag som Eidsvollsmennene valde han til konge, 17. mai 1814, fekk Christian Frederik eit brev frå svenskane.

I brevet kalla dei han for ein opprørar, som ifølgje svenske agentar ikkje hadde nokon særleg støtte i den norske befolkninga.

Etter fleire forsøk på å finna ei fredeleg løysing, gjekk Sverige til angrep på Noreg i slutten av juli. Men Karl Johan tredde varsamt fram. Kanskje skjønte han at han måtte gi nordmennene noko.

Forsøket til stormaktene på å skapa fred

Sett utanfrå var den norske heimeåleinefesten plagsam på fleire måtar. Eit krigstrøytt Europa hadde endeleg fred i siktet. Men no var det plutseleg fare for ein ny storkrig i Norden.

Samtidig meinte fleire at det var sjølvmotseiande å skulla avslutta 30 år med krig for folks fridom, med å tvinga det norske folket inn i ein union dei kanskje ikkje ønskte.

Maleri som viser kongressen i Wien 1814-15.
Frå september 1814 til juni 1815, heldt dei europeiske stormaktene mange møte i Wien der dei prøvde å finna ei løysing på napoleonskrigene. Forholda i Skandinavia var ein del av desse samtalane.
Foto: Jean-Baptiste Isabey / WikiCommons

I mai og juni sende Storbritannia, Russland, Austerrike og Preussen (i dagens Tyskland) diplomatar til Noreg.

Premissen deira var klart: Christian Frederik var ikkje Noregs rettmessige konge. Avtalen som stormaktene hadde gjort med Sverige, måtte respekterast.

Likevel håpa dei å finna ei løysing alle partar kunne leva med. Diplomatane snakka med både Christian Frederik og Karl Johan. Medan Christian Frederik var varm og imøtekommande, opplevde diplomatane Karl Johan som sta og eigenrådig.

Sjølv om dei kanskje likte Christian Frederik best, og fekk meir sympati med nordmennene, endra ikkje det synet til stormaktene særleg mykje. Kieltraktaten, som slo fast at Noreg skulle i union med Sverige, måtte gjennomførast.

Den korte krigen 

26. juli angreip Sverige Noreg. Dei første skipa drog ut frå Strömstad tidleg om morgonen, i retning Hvaler og Fredrikstad. Nokre dagar seinare kryssa også Karl Johan grensa, over Svinesund.

Maleri av Svinesund. En båt frakter hester over sundet.
Svinesund, som skil Noreg frå Sverige.
Foto: Eric Paulsen WikiCommons

Allereie i februar hadde Christian Frederik byrja å utplassera soldatar nær svenskegrensa. Utover sommaren vart fleire mobiliserte, slik at til saman 35.000 norske soldatar no var klare til å forsvara oss.

Sjølv oppheldt Christian Frederik seg i Moss under heile krigen, for å vera i nærleiken av kampane som gjekk føre seg.

Det var få som trudde at Noreg kunne vinna. Svenskane var langt fleire, rundt 45.000, dei var betre utstyrt og betre organisert. Karl Johan var ein av Europas mest erfarne generalar, Christian Frederik hadde inga erfaring med å leia soldatar i krig.

Maleri av et slag med soldater i blå uniformer som kjemper mot soldater i røde uniformer. Soldatene har våpen.
Slaget ved Matrand 5. august 1814.
Foto: Andreas Bloch/Wikicommons

Men sjølv om Karl Johan visste at soldatane hans var fullstendig overlegne dei norske, tredde han ganske varsamt fram. Han ønskte ikkje å knusa den norske hæren og påføra nordmennene store lidingar.

Den 4. august kapitulerte Fredrikstad festning, og svenskane hadde så godt som vunne. Karl Johan foreslo for Christian Frederik at dei skulle starta fredsforhandlingar.

Tegning av Moss Jernverk.
Moss Jernverk fungerte som Christian Frederiks base under krigen. Det var her Mossekonvensjonen vart underskrive.
Foto: John William Edy / WikiCommons

I utgangspunktet ville Karl Johan at Christian Frederik skulle reisa heim til København med ein gong. Trass i nokså tynnslitne nervar stod Christian Frederik fast på at det norske folket hadde valt han til konge.

Dersom Sverige og Noreg skulle forhandla om vilkår i ein union, måtte det skje med Stortingets godkjenning.

Karl Johan aksepterte denne løysinga, og den 14. august vart Mossekonvensjonen underteikna av Karl Johan og den norske regjeringa. Avtalen gjekk ut på at Stortinget skulle kallast inn for å tilpassa Grunnlova til ein union med Sverige.

Grunnloven med segl.
Foto: Stortinget
Karl Johans Riksvåpen
Foto: WikiCommons

Først grunnlov, så konge. Det var Stortingets mål. Akkurat som på Eidsvoll nokre månader tidlegare.

Det aller viktigaste å ta med seg frå alt som skjedde i 1814, var ønsket om å avvikla eineveldet og sikra meir makt til folket.

Dermed måtte ein utan omsyn til kostnaden unngå at Karl Johan og svenskane fekk diktera for mykje av vilkåra for den nye unionen.

Grunnlovas vernar

Wilhelm Frimann Koren Christie vart vald til stortingspresident. Det var han som skulle dra forhandlingane med svenskane i hamn. Han hadde ikkje nokon lang politisk karriere bak seg, men på Eidsvoll hadde Christie vist seg som ein god organisator.

På både norsk og svensk side var sterke kjensler i sving og diskusjonane tok av i ulike retningar. Christie ønskte derfor å slå fast kva målet med Stortingets arbeid eigentleg skulle vera. Viss ein først var samde om det, var det lettare å jobba saman.

Portrett av Wilhelm Frimann Koren Christie
Wilhelm Frimann Koren Christie.
Foto: Jacob Munch / WikiCommons

Christie la fram fleire forslag for Stortinget, som han lykkast med å få fleirtal for: For det første vart Stortinget samde om å tilpassa Grunnlova til ein union med Sverige. For det andre vart det fleirtal for å utsetja kongevalet til etter at Grunnlova var vedteken.

Karl Johan gjekk også med på desse vilkåra, og grunnlaget for vidare forhandlingar var lagde.

Grunnlova blir tilpassa

Frå 26. oktober til 4. november vart alle Grunnlovas paragrafar gått gjennom av Stortinget. Svenskane foreslo korleis dei skulle endrast, men dei aller fleste av desse forslaga vart nedstemde av Stortinget.

Tegning av den gamle stortingssalen i Christiania Katedralskole.
Stortinget møttest i dette rommet på Christiania Katedralskole for å diskutera korleis Grunnlova kunne tilpassast ein union med Sverige.
Foto: Johan Ludvig Losting / WikiCommons

Ei av endringane Sverige ønskte, var at Stortinget berre skulle møtast kvart femte år, i motsetning til kvart tredje år, som Stortinget ønskte sjølv. Sverige ville også at den svenske kongen skulle utnemna alle dei viktigaste posisjonane i Noreg, inkludert stortingspresidenten.

Begge desse forslaga var Stortinget totalt usamde i.

For Stortinget var det viktig å sørgja for eit så laust samband mellom Noreg og Sverige som mogleg. Derfor sneik dei også inn nokre nye ting, som eigen valuta og sentralbank.

Nokon var til og med så tøffe at dei foreslo at Stortinget skulle bestemma kven den svenske kongen kunne peika ut til å sitja i regjering. Men då vart svenskane forbante.

Fotografi av forsiden til 4. november Grunnloven.
4. november vedtek Stortinget han reviderte Grunnlova, og vel den svenske kongen. Noreg og Sverige har no felles konge og utanrikspolitikken blir styrt frå Stockholm. Nordmennene får behalda Grunnlova og Stortinget blir etablert.
Foto: Stortinget

Christie skjønte at Stortinget tøygde strikken. Tolmodet til svenskane var i ferd med å ta slutt. Dagen før Stortinget skulle stemma gjennom dei siste avgjerande tilpassingane og velja konge, fekk han truslar frå svenskane om at dei var klare til å blåsa krigen i gang igjen.

Heldigvis vart kongevalet gjennomført i tråd med den planen Christie hadde skissert opp nokre veker tidlegare. Noreg fekk behalda store delar av Grunnlova frå Eidsvoll, med nokre tilpassingar: svenskekongen vart også Noregs konge. Til gjengjeld vart også Noregs sjølvstyre styrkt på nokre område.

Kvifor gjekk eigentleg Sverige med på alle kompromissa? 

Kva skjedde med Karl Johan? Kvifor tredde ein av Europas mest fryktlause hærførarar så forsiktig fram? Kvifor gjekk han med på så mange av Stortingets krav? Desse spørsmåla har historikarar prøvd å svara på i snart 200 år.

Karl Johan kunne tvinga Noreg inn i union med Sverige heilt på sine eigne premissar, dersom han ville. Årsakene til at han likevel ikkje gjorde det, men lytta til nordmennene, er fleire.

Karl Johan ville unngå ein lang krig og konflikt mellom Noreg og Sverige. Dersom krigen førte til store tap på norsk side, ville den norske motstanden mot unionen vakse. Det ville ikkje Sverige vera tent med.

Då var det betre, tenkte Karl Johan, å gi Noreg noko. Grunnlova kunne heller endrast igjen seinare, for å sikra meir makt til kongen på bekostning av Stortinget.

I Sverige var ein del adelsmenn misfornøgd med at Karl Johan godtok så mange av dei norske krava. Kanskje var denne misnøya også noko av grunnen til at Karl Johan ville byggja ein god relasjon til Noreg?

Tegning av Stockholm og Stockholm Slott ca. 1850.
Stockholm Slott på midten av 1800-talet.
Foto: Johan Ludwig Bleuler / WikiCommons

Nokre historikarar har lurt på om Karl Johan var utrygg på sin eigen posisjon i Sverige. Han var trass alt ein framandt, ein som var adoptert av kongen for å vinna tilbake Finland frå Russland. Noreg hadde vore Karl Johans prosjekt, ikkje svenskanes.

Den førre svenske kongen vart kasta gjennom eit statskupp berre nokre år tidlegare. Kanskje var Karl Johan engsteleg for at han skulle lida same lagnad. I så fall ville det vera nyttig å ha Noreg å falla tilbake på. Sjølv om han aldri sa dette høgt, er det fleire som trur at dette var Karl Johans plan B.

200 år seinare ...

Utanfor Slottet i Oslo står ein statue av Karl Johan på hest.  Utanfor Stortinget står Christie med Grunnlova i hendene. Desse to, som stod på kvar si side i konflikten i 1814, har blikket vendt i retninga kvarandres.

I dag, meir enn 200 år seinare, er maktfordelinga mellom Stortinget og regjeringa framleis ein av dei mest sentrale byggjesteinane i demokratiet vårt.

Statue av Karl Johan på en hest.
Statuen av Karl Johan utanfor Slottet.
Foto: Erik Bjørn Johannessen / Oslo Museum
Statue av Wilhelm Frimann Koren Christie
Statuen av Wilhelm Frimann Koren Christie utanfor Stortinget.
Foto: Stortinget

Denne artikkelen er ein del av ein læringssti om Grunnlova og 1814. Trykk på knappen over for å gå til startsida.