Delta på folkemøte
Før det blir vedteke større endringar i eit lokalt område, blir det ofte arrangert eit ope folkemøte for dei som blir ramma av endringa. Her har ein høve til å vere med å påverke.
Skriv eit innlegg og framfør det munnleg. Innlegget bør ikkje vare lenger enn ca. 3 minutt. Det er ikkje eit poeng at ein snakkar så fort ein kan, men at innlegget er kort og konsist, med tydelege argument.
Her er nokon ting det er verd å tenkje på før de byrjar å skrive:
- Start med å seie kva de meiner, til dømes om de er for eller mot.
- Argumenter deretter for kvifor. Kva blir konsekvensane? Kvifor vil desse vere positive/negative? Og for kven? Kan de vise til statistikk, eller liknande situasjonar frå andre stader?
- Kom med forslag til korleis forslaget kan endrast. Er det noko de vil leggje til eller fjerne slik det ser ut no?
- Hald dykk saklege! Vis at de kan mykje om saka, samtidig som de forstår dei som meiner noko anna.