Gå til innhold/innhald
En stor folkemengde har samlet seg foran Stortinget for å demonstrere. Bildet er tatt ovenfra.
Foto: Stortinget

Del 4: Lag ein demonstrasjon!

Har de høyrt om klimabrølet? Då samla fleire tusen barn seg på fleire stader i Noreg for å seie meininga si saman. No er det dykkar tur til å demonstrere for det de trur på! 

Lag materiell til demonstrasjon

Les gjennom forslaga til kva de kan lage. Forslaga finn de under her. Kom gjerne med eigne forslag. Bli einige i gruppa og med læraren om kva og kor mykje de kan lage.

Sjekk at de har alt de treng før de går i gang. Bruk fantasien og gjerne gjenbruksmaterialar. Finn nokre symbol eller annan dekor som passar til temaet dykkar.

Skilt og plakatar

De treng materiale å skrive, måle eller teikne på. Bruk papp, plakatar, tekstilar eller fantasien. De treng også noko å feste på, slik at det er lett å vise det fram eller bere, og dekor å lime på.

Vimplar eller flagg

De treng materiale å skrive, måle eller teikne på. Bruk papp, plakatar, tekstilar eller fantasien. Stang (pinne) til å feste flagget i. Snor (tau, band, garn) til å feste vimplane i. Stiftemaskin til å stifte i snor eller stang.

Jakkemerke (buttons)

De treng stiv papp eller botnen av ein isboks eller liknande. Kanskje bør dei tole regn? Klipp i ønskt storleik eller form. Dekorer med det motivet og teksten de ønskjer. Fest ei sikkerheitsnål på baksida. Det er lurt å lime fast eit stykke tekstil på baksida, då sit nåla best.

Lage t-skjorter (eller andre klede)

De treng klede eller andre gjenbrukstekstilar. De kan sy, måle, klippe, trykkje eller lime. Hugs at dersom kleda skal tole vask, bør du bruke tekstilmåling.