Del 3: Lag din eigen kunst
No er det din tur til å finne fram nål, tråd og tekstilar! Bruk gjerne gjenbruksmateriell.
I denne oppgåva skal du få lage kunst som handlar om noko du er oppteken av. Kanskje er det ei sak i samfunnet du er engasjert i? Eller har du ei fritidsinteresse du er spesielt oppteken av? Tenk på om du har eit bodskap eller noko du vil fortelje.
Bruk gjerne symbol og fargar du meiner passar til bodskapet ditt. Gjer gjerne som Britta Marakatt-Labba og bruk fleire ulike teknikkar og lag på lag for å fortelje!
Lykke til!