Gå til innhold/innhald
Tre barn sitter ved siden av hverandre og skriver på en pc.
Foto: Pexels/Max Fischer

Del 3: Gå saman med andre!

«Saman er vi sterke!» Det har du sikkert høyrt mange gonger før? I Noreg finst det mange organisasjonar. Dei samlar medlemmer som er opptekne av den same saka. 

Finn organisasjonar

Finn ut om det er nokre organisasjonar som jobbar for saka dykkar eller kanskje kan støtte ho. Vel ein organisasjon de skal lage ein presentasjon om. Presentasjonen skal innehalde fleire av desse punkta.

Om organisasjonen

Kva heiter organisasjonen, og kven er leiaren? Kva jobbar organisasjonen for? Kva gjer organisasjonen for å skape endring? Har organisasjonen ein logo?

Medlemmer

Kven kan bli medlem? Kva kan medlemmene gjere? Har dei ei medlemsavis eller liknande? Kostar det noko å vere medlem, og kva går pengane til?