Del 2: Skriv om det!
Korleis kan de forandre det?
No som de har funne ut kva de vil jobbe med, og kven det er lurt å kontakte, skal de få prøve ut forskjellige måtar å fortelje dei kva de meiner.
Ord kan nå veldig mange og er ein fin måte å fortelje om saka dykkar.
Tips til skrivinga:
- Få fram det viktigaste først.
- Bruk punkta de vart einige om i klassen eller gruppa.
- Få fram korleis det er no, og korleis det burde vere.
- Hald dykk til saka.
Vel skriveoppgåve
Det er mange måtar å spreie bodskapen dykkar. Diskuter i gruppa kva oppgåve som passar best for dykk og saka dykkar.
Skriv eit lesarinnlegg
Snakk saman først: Kva er eit lesarinnlegg? De treng noko å skrive på og med.
Lag en løpesetel (flyer)
Snakk saman først: Kva er ein løpesetel? «Flyer» er det engelske ordet som ofte blir brukt også på norsk. De treng:
- Papir eller liknande til å skrive, teikne eller måle på.
- Kopimaskin om de vil ha mange løpesetlar å dele ut.
Skriv ein tale
Snakk saman først: Kva kjenneteiknar ein tale? De treng noko å skrive på og med.
Skriv ein e-post eller eit brev
Snakk saman først: Korleis skriv ein ein e-post eller eit brev? De treng noko å skrive på og med.