Gå til innhold/innhald
Kunstverket «Melkeveien - Lodderáidaras »
Foto: Stortinget

Del 2: Oppgåver om kunstverket

No skal du få sjå litt nærmare på kunstverket. Hugs at du når som helst kan sjå filmen frå avdukinga igjen.

Beskriv kunstverket

  1. Start med å sjå på kunstverket. Det er lurt å zoome inn og sjå på alle detaljane i broderia og fargane.
  2. Beskriv med eigne ord det du ser i kunstverket. Er det noko du ikkje veit kva er eller betyr? Beskriv gjerne det også. 

Kva handlar kunstverket om

  • Kva trur du kunstverket handlar om? Kva vil kunstnaren fortelje oss?
  • Finn du nokon typisk samiske symbol eller fargar i kunstverket?
  • I filmen frå avdukinga vart det sagt at kunstverket er politisk. Kva politiske saker finn du i teppet?
  • I filmen frå avdukinga vart det sagt at Vandrehallen er eit viktig rom på Stortinget. Kvifor er det viktig at det heng samisk kunst her?
Fotografi av Sametinget
Kan du finne kunstverket?
Foto: Siv Eli Vuolab/Sámediggi