Del 1: Kva er de opptekne av?
Del 1 består av tre delar. Når de er ferdige med dei tre oppgåvene, kan de gå til del 2.
1. Finn ein sak
Først skal de finne ei sak de synest er viktig.
Diskuter forskjellige saker. Det er viktig at alle får kome med forslag og seie meininga si. Dersom det er vanskeleg å kome på ei sak, kan de diskutere om det er noko de synest er urettferdig.
Dersom det er vanskeleg å bli einige, kan de stemme over forslaga.
2. Kva vil de endre?
No skal de beskrive saka dykkar:
- Skriv to eller fleire punkt om korleis det er no, og kvifor de ønskjer å forandre dette.
- Skriv to eller fleire punkt om korleis de synest det burde vere.
- Lag eit slagord!
3. Kven vil de påvirke?
No skal de finne ut kven de bør kontakte.
Kven er det som bestemmer det de ønskjer å forandre? Er det foreldra dykkar, læraren dykkar eller kanskje rektor? Eller er det kommunen, Stortinget eller regjeringa?
Diskuter korleis de kan få kontakt med dei og presentere meninga dykkar. Kanskje kan de be om eit møte med dei, skrive brev, e-post eller eit lesarinnlegg i lokalavisa?