Gå til innhold/innhald
Bilde av Britta Marakatt-Labba i vandrehallen på Stortinget.
Foto: Stortinget

Del 1: Bli kjent med kunstnaren

Britta Marakatt-Labba er ein kjent svensk-samisk kunstnar. Ho jobbar med fleire kunstteknikkar.

Kvar er ho frå?

Britta er ei av ni søsken og vaks opp i ein reindriftsfamilie i Saarivuoma sameby. Britta bur i dag i Kiruna i Sverige. Familien hennar har rein i Troms i Noreg.

Forskjellige kunstteknikkar

Som kunstnar driv Britta mykje med broderi og tekstilar, men også med trykk og litografi. 

Kunstverk av en lavvo i naturen. Fargene gult, blått og grønt går igjen.
Dette kunstverket av Britta Marakatt-Labba heiter "Drømmar" og er eit fargelitografi.
Foto: Stortinget

Kva fortel kunsten?

Britta er veldig engasjert i klima og spesielt kva miljøforandringar har å seie for samane. Ho er oppteken av samisk kultur, historie og identitet. Dette fortel ho om gjennom kunsten sin. Ho bruker ofte samiske symbol og fargar.