Danmark-Noreg ønskte å vera nøytrale i napoleonskrigene, men vart no sett i ein umogleg posisjon. Storbritannia kravde at Danmark-Noreg skulle bli med i alliansen deira, dersom dei ville unngå bombing og handelsblokade.
Dersom kravet til dei aksepterte britane, var det sannsynleg at franske troppar ville angripa. Dei stod utplassert i Nord-Tyskland, like sør for Danmark.
Éin av dei som leidde dei franske troppane i Nord-Tyskland, var mannen som seinare skulle bli svensk-norsk konge, Jean Baptiste Bernadotte – betre kjent som Karl Johan.
Bomber, brann og hungersnød
Den dansk-norske kongen, Christian 7., var gammal og sjuk. Son hans, Frederik 6., var derfor ein slags vikar for far sin på denne tida.
Frederik 6. skjønte kva for nokre store konsekvensane det kunne få. Likevel gjorde han eit siste forsøk på å halda oppe nøytraliteten og avviste det britiske kravet.