Stortingssalen og stortingsmøta
Når er det stortingsmøte?
Det er normalt stortingsmøte tysdagar, onsdagar og torsdagar, med unntak av nokre veker i året. I vekene rett før jul og før sommaren er det gjerne stortingsmøte nesten kvar dag.
Varigheita på møta varierer, det kjem an på kor mange saker som skal behandlast.
Stortingets møteprogram gir oversikt over kva dagar det er møte, og kva saker som skal opp til behandling.
Planen for stortingsmøtet blir kalla dagsorden. Her står alle saker som skal debatterast i møtet i dag.
Møte i Stortinget er vanlegvis opne for publikum, men i enkelte tilfelle kan Stortinget vedta at heile eller delar av eit møte skal haldast for lukka dører.
Stortingsmøtet startar
Vanlegvis startar stortingsmøta kl. 10.00.
Stortingsmøtet kan ikkje starte før minst halvparten av dei 169 representantane er til stades.
Stortingsmøtet blir leidd av stortingspresidenten eller ein av visepresidentane. Heilt i starten av møtet går presidenten gjennom det som blir kalla formalia.
Formalia kan til dømes vere permisjonar og innkalling av vararepresentantar, overbringelse av forslag frå statsrådar eller representantar, og eventuelle praktiske beskjedar om organiseringa om møtet i dag.
Er det få i salen?
Ofte er det ganske få til stades i stortingssalen undervegs i ein debatt. Det kjem av komitéstrukturen på Stortinget. Representantane er fordelte på tolv fagkomitear, som til dømes justiskomiteen og helse- og omsorgskomiteen.
Når ei sak blir debattert i stortingssalen, er ofte berre representantar frå den aktuelle komiteen til stades. I tillegg er regjeringa representert ved den statsråden som har ansvaret for saka i regjeringa.
Representantane som sit i andre komitear, er som regel oppteke med arbeid knytt til eigne fagområde.
På dei vekefaste partigruppemøta får alle i partiet kjennskap til dei sakene som komiteane har til behandling. På denne måten er alle stortingsrepresentantane orienterte om alle saker som Stortinget behandlar.
Komiteen har førebudd saka
Før ei sak blir debattert og blir over stemd i stortingssalen, har komiteen saka høyrer heime hos, jobba med saka over tid.
Jobben til komiteen er å førebu debattane i Stortinget. Dei skriv ei innstilling til Stortinget om saka. I innstillinga fortel partia kva dei tilrår Stortinget å stemme.
Når ei sak blir debattert i stortingssalen, skjer det med utgangspunkt i kva som står i innstillinga frå komiteen. Det er derfor debattane i Stortinget ofte kan verke ganske førebudd og lite spontane.
I dei aller fleste tilfella har også partia bestemt seg for kva dei skal stemme før debatten blir teken i stortingssalen.
Dagsorden
Dagsorden er oversikta over sakene som skal behandlast i eit stortingsmøte.
Den kan vere vanskeleg å forstå då det mellom anna blir nytta mange forkortingar og det som for mange er ukjende omgrep. Under finn du forklaring på dei vanlegaste omgrepa.
Faste plassar
Alle stortingsrepresentantane har fast plass i salen, basert på kva valdistrikt dei kjem frå. Omgrepet «fylkesbenker» blir brukt om dei stortingsrepresentantane som er valde frå eitt valdistrikt.
På kvar fylkesbenk sit representantane etter kor mange stemmer dei fekk ved valet. Eksempelvis viser messingkiltane på stolane «Hedmark 1» og «Nordland 2». Dei tidlegare fylkesgrensene fungerer framleis som valdistrikt ved stortingsval.
Den første rada er reservert til regjeringa. Regjeringa har ikkje faste plassar, unnateke statsministeren.
På talarstolen
Både stortingsrepresentantar og statsrådar kan ta ordet i stortingssalen. Dei ber om ordet ved å trykkje på ein knapp på panelet på kvar plass. Dei kan nytte seg av ein av dei tre talarstolane.
På talarstolen vender ein seg til presidenten og startar gjerne med å seie «president, æra president, gode president» osb.
Talartid
Kor mykje tid ein får, avheng av kva slags type debatt det er og om ein har vore på talarstolen tidlegare under same debatt.
Presidenten startar tida når representanten eller statsråden byrjar å snakke. Når det er 30 sekund igjen av taletida, vil den raude lampa på talestolen byrje å lyse.
Kvart parti får tildelt taletid etter storleiken på partiet. Det betyr at dei største partia får ordet litt oftare enn dei minste partia.
Votering
Votering er det same som avstemming. Når det skal voterast må minst halvparten av representantane vere til stades i salen.
Ein representant frå kvart parti er ansvarleg for at partiet stiller med mange nok representantar. Denne rolla blir kalla «innpiskar». Innpiskarane samarbeider slik at partia er representert i samsvar med styrkeforholdet mellom partia i Stortinget.
Representantane bruker vanlegvis det elektroniske voteringsanlegget. Hovudregelen er at representantar som stemmer for, trykkjer på ein grøn knapp og sit, medan dei som stemmer imot, trykkjer på ein raud knapp og reiser seg.
Det er berre stortingsrepresentantar som kan votere i stortingssalen. Medlemmene av regjeringa kan komme med forslag til Stortinget og delta i debatten, men dei har ikkje høve til å stemme i Stortinget.
Kort om arkitektur, kunst og historie
Frå 1814-1854 heldt stortingsrepresentantane hus i Christiania Kathedralskole i Dronningens gate. Frå 1854-1866 vart festsalen i Universitetet i Oslo nytta.
Den 5. mars 1866 stod stortingsbygningen ferdig, og sidan den gong har stortingsbygningen danna ramma rundt milepælar i framveksten til demokratiet.
Stortinget er i dag blant Noregs mest karakteristiske bygningar, og ein heilt sentral del av Oslos bybilete.
Som arbeidsrom og møteplass for folkets valde representantar, er stortingsbygningen det fremste symbolet på folkestyret og det moderne Noreg.