I byrjinga av oktober kvart år kjem finansministeren til Stortinget for å leggja fram regjeringsforslaget til statsbudsjett for neste år.
Summen på budsjettet for i år er på 1991 milliardar kroner. Desse pengane blir brukte på alt frå skule og sjukehus, til forsvar og politi.
Med andre ord: alle dei tinga som partia diskuterer året rundt. Det er derfor statsbudsjettet er det viktigaste Stortinget jobbar med kvart år.