Gå til innhold

Klasserommet

Lovene Stortinget vedtek, strekkjer seg heilt inn i klasserommet. Både du og læraren din har ei rekkje rettar. Visste du at...
  1. ... dei fleste elevar i vidaregåande skule har rett til støtte frå Lånekassen for å kjøpe utstyr til undervisninga (Utdanningsstønadslova og opplæringslova).
  2. ... lærarar har rett på eit godt arbeidsmiljø. Dette betyr til dømes at dei ikkje skal bli mobba eller trua av elevar eller lærarar, eller utsette for urimeleg arbeidsbelastning (arbeidsmiljøloven).
  3. ... du som elev har rett på at opplæringa er tilpassa dine evner og føresetnader (opplæringslova).

Simen Velle om plikter og rettar i klasserommet

Ung mann ser inn i kamera, i Eidsvollsgalleriet på Stortinget.
Foto: Stortinget
play-button

Oppgåver

Jobb åleine eller i par.

  1. Mange elevar i Noreg er godt kjende med mange av rettane sine, og "rettssamfunnet" har vorte eit omgrep. Kva trur du siktar ein til med det?
  2. I filmen snakkar stortingsrepresentant Simen Velle om korleis nokons rettar er nokon andres plikt. Kva meiner han med det?
  3. Tenk på rettane du har i det daglege, både på skulen og andre stader. Kven rundt deg sørgjer for at du får vareteke rettane dine?
    1. Tenk på rettane til dei rundt deg. Kva for nokre av dei har du eit ansvar for å vareta?
Ung kvinnelig lærer ser ut på elevene i klasserommet mens hun peker på skjerm bak seg.
Foto: Gorm Kallestad / NTB