Gå til innhold

Bolig

Er tida inne for å flytte heimanfrå? Stortinget har vedteke ei rekkje lover som gjeld deg som skal leige bustad. Visste du til dømes at du har rett til…
  1. … skriftleg leigekontrakt. Kontrakten seier til dømes noko om varigheita på leigeforholdet, oppseiingstid, husleige og krav om vedlikehald (Husleieloven).
  2. … ein bustad i god stand. Bustaden skal vere reingjord og ikkje ha store manglar, som t.d. knuste vindauge eller mugg. Du kan krevje at feil blir fiksa, prisavslag eller at avtalen blir avslutta viss feila er alvorlege (Husleieloven).
  3. … at depositumet for leigebustaden blir sett på ein eigen konto i ditt namn. Dette betyr til dømes at depositumet ditt ikkje blir sett på brukskontoen til utleigar, og at pengane ikkje kan takast ut før leigeforholdet blir avslutta (Husleieloven).

Frøya Sjursæther (MDG) deler erfaringa si frå leigemarknaden

play-button

Oppgåver

Jobb i par eller åleine.

  1. I filmen nemner Frøya at ho møtte på fleire "bustadhaiar" då ho og romkameratane såg etter leilegheit. Kva meiner ho med dette, og kvifor bør ein unngå dei?
  2. Kva tips har Frøya til deg som skal leige bustad, og kvifor?
  3. Både leigetakar og utleigar har nokre rettar og plikter. Kva kan utleigar krevje av deg?
  4. Kva kan du gjere dersom utleigar ikkje overheld sine plikter?
To unge kvinner bærer flyttebokser opp en trapp i en eldre bygård.
Foto: iStock