Arbeid
Skal du ut i arbeidslivet? Eller har du kanskje ein deltidsjobb ved sida av skulen? Stortinget har vedteke ei rekkje lover som gjeld deg i arbeidslivet. Visste du til dømes at du har rett til…
- … skriftleg arbeidskontrakt. Avtalen beskriv m.a. lønn og arbeidstid (Arbeidsmiljølova).
- … eit trygt og godt arbeidsmiljø utan diskriminering. Du skal til dømes ikkje bli diskriminert på bakgrunn av kjønn, seksuell legning, religion eller alder (Arbeidsmiljølova og Likestillings- og diskrimineringslova).
- … å bli med i ei fagforeining. Fagforeiningar jobbar for å vareta rettane og kjempe for gode vilkår for arbeidstakarar (Grunnlova og Arbeidsmiljølova).
Hashim Abdi (A) om rettar i arbeidslivet
Oppgåver
Jobb i par eller åleine.
- I filmen fortel Hashim Abdi om den første sommarjobben sin. Kva skjedde, og kva lov var dette eit brot på?
- I teksten og filmen har du lært litt om nokon av rettane dine i arbeidslivet. Finn minst to plikter du har.
- Kva kan nokon konsekvensar vere for deg, dersom du ikkje overheld dine plikter?
- Sjå for deg at du har ein jobb og at arbeidsgivar bryt rettane dine. Korleis kan du gå fram for å krevje din rett?

Foto: iStock
