Følg spørjetimen frå klasserommet
For tida sit Arbeidarpartiet og Senterpartiet i regjering. Det betyr at det er dei to partia som får dei politiske løysingane sine utfordra av dei andre partia i spørjetimen.
Få spørjetimen forklart på eitt minutt!
De kan følgja spørjetimen direkte frå Stortingets nettsider. Nedst på denne sida finn de oppgåver de kan jobba med før, undervegs og etter spørjetimen.
Gå til Stortingets nett-TV for å følgja debattane direkte:
Lenkje blir opna i ny fane.
Førebuingar
Spørsmåla under kan gjerast som ein del av førebuingane til å sjå spørjetimen. 1. Kven frå regjeringa møter i spørjetimen? 2. Kva for nokre politiske område har desse ansvara for? 3. Er dei ulike opposisjonspartia usamde med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i desse temaa? På kva måtar då? Hugs at opposisjonen kan ha ulike motiv for kvifor dei er usamde med regjeringa. 4. Kva saker trur de opposisjonen på Stortinget kjem til å spørja om? Bruk gjerne media som kjelde her! Spørsmåla i spørjetimen tek ofte utgangspunkt i dagsaktuelle saker. 5. Kva ville de spurt om viss de fekk sjansen?