Artikkelen er skriven i enkelt språk og kan passe til elevar på ungdomsskulen og elevar i vaksenopplæringa.
Vaksenopplæringa
Kor lang tid de treng vil variere. For elevar i vaksenopplæringa kan 60-90 minutt vere eit utgangspunkt, avhengig av språknivå.
Elevane bør ha nivå B2 i norsk. Sett av god tid til å gå gjennom nye ord og omgrep som dukkar opp i teksten. Gruppeoppgåvene kan fungere som gode samtaleøvingar. Her kan det vere behov for at lærar hjelper elevane å forstå oppgåvene.
Ungdomsskulen
For elevar på ungdomsskulen kan 45-60 minutt vere eit utgangspunkt for denne oppgåva.
For denne målgruppa vil nye ord og omgrep ta mindre tid, og det kan vere fint å fokusere meir på gruppeoppgåvene på slutten.
Ta gjerne ein felles gjennomgang av diskusjonane i klassen til slutt.