Gå til innhold/innhald

Lær historia om flagget vårt

17. mai tog i Karl Johansgate
Foto: Stortinget

Lær historia om flagget vårt

  • 1.-4. 5.-7.
  • Tekst
  • kreativitet
  • 20 min
  • 1.-4.
  • 5.-7.

Lærerveiledning

Flagget vårt er over 200 år gammelt. Denne artikkelen forteller historien om hvorfor flagget ble som det ble.

Om opplegget

Alle vet hvordan flagget vårt ser ut, men det kunne vært helt annerledes! Artikkelen har mange bilder, og elevene kan selv lese den. Du kan lese den høyt for klassen.

Fargeleggingsoppgave

Når dere er ferdige med å lese historien om flagget, kan dere fargelegge de ulike forslagene selv. Alle flaggforslagene kan lastes ned og skrives ut i A4 eller A3 format: 

I over 200 år har Noreg hatt sitt heilt eige flagg. No skal du få høyre flaggets historie!
Gammelt kart over Skandinavia.
Foto: Homann / Wikicommons
Et rødt flagg med hvitt kors i midten. Øverst i høyre hjørne er det en løve.
Foto: Trollbu/Digitalt museum

For lenge sidan var Noreg ein del av Danmark. Då heitte landet Danmark-Noreg. Kongen budde i København og flagget vårt var raudt med eit kvitt kors.

I år 1814 fekk Noreg sitt første flagg – Løveflagget. Det var ganske likt det danske, men med ei løve i den eine ruta.

Men ikkje nok med det! Kort tid etter fekk Noreg endå eit flagg – unionsflagget. Dette var blått og gult med eit merke inst ved stonga..

Unionsflagget var ganske likt det svenske flagget. For no var nemleg den svenske kongen, også konge i Noreg.

Maleri av en skonnert med store seil og to flagg.
Foto: Bergen Sjøfartsmuseum

Norske skip måtte bruke unionsflagget når dei skulle segle langt. Dei måtte nemleg vise at dei var i union med Sverige, elles kunne dei bli kapra av piratar!

Sverige hadde betalt for eit sjøpass, som sørgde for at skipa fekk segle trygt, så lenge dei brukte unionsflagget.

Maleriet "Fra et møte i den gamle stortingssalen i Christiania Katedralskole"
Kunstner: Matthias Stoltenberg, Foto: Nasjonalmuseet/Lathion, Jacques
Mange flaggforslag ved siden av hverandre.
Foto: Stortinget

Etter kvart var det mange som meinte at Noreg burde ha sitt heilt eige flagg.

Fleire teikna sine eigne forslag og sende dei til Stortinget.

Forslaga var veldig ulike!

Det kom brev med flaggforslag i raudt, kvitt og blått, og nokon med svart og grønt. Stortinget diskuterte forslaga lenge, men blei ikkje samde.

Nokon meinte at løva burde vere med og andre meinte at flagget måtte ha eit kors. Mange ville ha fargane raudt og kvitt.

Raudt fordi det var Noregs hovudfarge og kvitt fordi det blei brukt av norske kongar for lenge sidan.

Men raudt og kvitt blei for likt det danske flagget, det synest i alle fall ein mann som heitte Fredrik Meltzer.

Et flagg med et hvitt kryss i midten som deler flagget i fire trekanter: to blå og to røde. De blå er øverst og nederst, de røde på høyre og venstre side. I midten er det en rød sirkel med en gul løve inni og en krone på toppen.
Foto: Stortinget
Rødt flagg med hvitt kors og blått kors i  midten. Det er flagget vi har i dag.
Foto: Stortinget

Han ville heller ikkje ha med løva. Det ville jo vere altfor vanskeleg å måle ho på flagget. Før måla ein nemleg sine eigne flagg.

Fredrik Meltzer teikna sitt eige forslag: eit raudt flagg, med eit kvitt og eit blått kors. Stortinget likte dette forslaget og seinare blei det òg godkjent av Kong Carl Johan.

For dei som allereie hadde eit dansk flagg var jo dette sikkert veldig fint, kanskje dei kunne måle eit blått kors i midten av flagget?

Her kan du sjå nokre av forslaga Stortinget diskuterte. Kva liker du best?

Flagg delt i fire: øverst til venstre er det en tegnet løe, øverst til høyre og nederst til venstre er det en rød rute og nederst til høyre er det fem gullkors
Et flagg med et hvitt kors i midten. Rød firkant øverst til venstre og nederst til høyre. Blå firkant øverst til høyre og nederst til venstre.
Rødt flagg med hvitt kors og blått kors i  midten. Det er flagget vi har i dag.
Flagg delt i fire trekanter. Øverst og nederst er det mørkeblå trekanter. Til høyre og venstre er det røde trekanter. På venstre side, i den ene røde trekanten, er det en gul løve.
Et flagg med et hvitt kryss i midten som deler flagget i fire trekanter: to blå og to røde. De blå er øverst og nederst, de røde på høyre og venstre side. I midten er det en rød sirkel med en gul løve inni og en krone på toppen.
Flagg med grønne felt øverst og nederst, svart i midten med en rødfirkant med en gul løve i midten.

Foto: Stortinget

Heilt sidan 1821 har det norske flagget vaia i raudt, kvitt og blått. Desse tre fargane kallar vi «fargane til fridommen», og det er ganske fint å tenkje på når vi feirar 17. mai.