
Tør du å seie alt du meiner?
Å stemme ved val er ein viktig måte å delta på. Men demokrati handlar også om mykje meir, som til dømes å delta i politiske diskusjonar eller ytre meiningane sine på andre måtar.
I eit demokrati skal alles meiningar takast på alvor. Det betyr ikkje at alle kan få viljen sin heile tida, men at alle har rett til å ytre synspunkta sine. Usemje skal møtast med motargument, ikkje utestenging eller latterleggjering.
Er meiningane dine verd noko?
Når nokon opplever å bli latterleggjorde eller til og med trua fordi dei meiner upopulære ting eller verkar på ein bestemd måte, går det utover folks vilje til å delta. Det er skadeleg for samfunnsdebatten, og truar i verste fall ytringsfridommen og demokratiet.
Kampen for kvinners stemmerett handla grunnleggjande sett om retten til å få lov til å meine noko om politiske saker som er viktige i samfunnet.

Sitata i illustrasjonen over kjem ikkje frå djupet av eit kommentarfelt, men frå den viktigaste arenaen til demokratiet, Stortingets talarstol. Dei er argument som vart brukte for å halde kvinner unna samfunnsdebatten då Stortinget diskuterte kvinners stemmerett i 1890.
I dag har alle norske statsborgarar stemmerett, uavhengig av kjønn, inntekt og formue. Likevel opplever mange at det kan vere krevjande å delta. Mange lèt også vere, fordi dei ikkje orkar latterleggjering og hets.
Under finn de fire sett med oppgåver som handlar om debattkultur og ytringsklima i Noreg i dag.
Er nokon tema vanskelegare å diskutere enn andre?
I denne oppgåva skal de identifisere kva tema klassen synest det er vanskelegast å diskutere.
Under finn de ei liste over tema som kan vere vanskelege å diskutere. Kva to ville du kjent deg mest ukomfortabel med å uttale deg om, dersom du til dømes skulle delteke i ein diskusjon i eit kommentarfelt?
Alle elevane skriv to tema på ein lapp og leverer til læraren, som tel opp resultatet. Lappane kan gjerne skrivast anonymt.
- Religion og tru
- Utlendinger, flyktningar og innvandring
- Konflikten mellom Israel og Palestina
- Pride, kjønn og seksualitet
- Likestilling mellom kvinner og menn
- Kriminalitet
- Klima og miljø
- Rus og narkotika
- Ingen eller andre tema (i så fall, kva for nokre?)
Denne artikkelen er ein del av ein læringsstien "Kven skal få lov til å meine noko?". Trykk på knappen over for å gå til startsida.