«Når ein vil dra kvinna inn i det politiske livet som aktiv deltakar, er ein etter meininga til fleirtalet i ferd med å overskride grensa for den rette fordelinga mellom mann og kvinne.»
Med desse orda enda det første forsøket på å gi kvinner stemmerett i Noreg. Fleire år med kampanjar for kvinnesaka vart førebels forkasta av fleirtalet i Stortinget.
Året var 1890, og Stortinget var ikkje modent for ideen om å gi kvinner stemmerett. Framleis skulle det ta lang tid før kvinner fekk stemmerett. Lova sat ei grense for kva kvinner fekk lov til å meine noko om.