

Endeleg stemmerett for alle!
Året 1913
11. juni 1913 skulle Stortinget avgjere om kvinner skulle få stemmerett i Noreg.
Denne dagen var det heilt fullt på publikumsgalleriet i stortingssalen. Mange hadde kjempa for stemmeretten i mange år. Dei var nok ekstra spente denne dagen.


I 1814 fekk berre menn stemme
I Grunnlova kan vi lese om kven som har stemmerett i Noreg. I 1814 var det berre nokre menn som fekk stemmerett. Om kvinner skulle få lov til å stemme, vart nok ikkje diskutert ein gong.

Mange flyttar til byane for å jobbe
Utover 1800-talet endra det norske samfunnet seg. Mange menneske flytta frå landsbygda og inn til byane. Der fekk mange jenter og kvinner jobb og tente eigne pengar. No var det fleire som meinte at kvinnene burde få stemmerett.
Foto: Kystmuseet i Sør-Trøndelag
Kvifor var det viktig å få stemmerett?
At folket har stemmerett, er noko av dei viktigaste i eit demokrati. Når vi stemmer, er vi med på å bestemme. På 1800-talet fekk kvinnene fleire rettar, men dei kunne ikkje stemme i val. Dette vart ei kampsak for mange kvinner!


Kvinnene blir medlem av klubbar og lag
Etter kvart dukka det opp mange lag og foreiningar i Noreg. Kvinnene starta eigne lese- og diskusjonsklubbar. Andre foreiningar jobba for stemmeretten. Når kvinnene samla seg i foreiningar, vart dei sterkare og fleire la merke til dei!

Kvinnene var ikkje åleine
Mange menn var mot at kvinner skulle få stemmerett. Dei meinte at plassen til kvinnene var i heimane. Andre meinte at kvinner burde likestillast med menn og styre over sitt eige liv. Desse hjelpte til med å få stemmerettssaka inn på Stortinget.
Foto: Eivind Enger / Nasjonalbiblioteket
Tusenvis av underskrifter for stemmerett
Foreningene som kjempa for kvinners rettar, fekk mange medlemmer. Dei samla inn underskrifter for å støtte saka, og sende desse til Stortinget. Saka vart fleire gonger nedstemde av Stortinget, men det var stadig fleire som vart positive til kvinners stemmerett.

Rike kvinner får stemmerett
I 1907 fekk kvinner som tente eigne pengar stemmerett. Dette var ein viktig siger, men målet var ikkje nådd. Framleis var det mange kvinner som ikkje kunne stemme.

Endeleg i mål
11. juni i 1913 vart det ingen diskusjon i Stortinget. No var dei fleste samde om at alle kvinner burde få stemmerett.
Dette var starten på kvinners stemmerett i Noreg, men også slutten på ein lang kamp for stemmeretten. Grunnlova rakk å bli heile 99 år før alle kvinner fekk stemmerett i Noreg. Likevel var Noreg eit av landa i verda som var først ute med stemmerett for kvinner.
1. Diskusjonsoppgåve
Gå saman i grupper
- Kva betyr det å ha stemmerett?
- Kvifor trur du kvinner ikkje hadde stemmerett før?
- Kva er ei foreining?
- Kvifor blir ein sterkare av å vere fleire saman?
