I unionen styrte nordmennene ganske mykje sjølve, men det vart etter kvart eit problem at det var Sverige som styrte handelen med andre land. Noreg dreiv mykje med skipsfart og ville vere med og bestemme over dette. Kong Oscar II var ueinig og sa nei til dette tre gonger.
Så er vi ved augeblikket då Carl Berner står i stortingssalen.
Han hadde ikkje så mykje han skulle seie, men det vart eit historisk augeblikk. Han sa at unionen mellom Noreg og Sverige var over, og at Kong Oscar II ikkje lenger var konge i Noreg.