Gå til innhold/innhald

Kvifor fekk vi Grunnlova i 1814?

Grunnloven med segl
Grunnlova blei underteikna med segl 17. mai 1814.
Foto: Stortinget

Kvifor fekk vi Grunnlova i 1814?

  • tekst
  • video
  • 8.-10.
  • 20 min
  • 8.-10.
Kvifor fekk Noreg si grunnlov i akkurat 1814? Og kva hadde resten av Europa å gjere med vesle Noreg?
Maleriet Eidsvold 1814.
Foto: Teigens Fotoatelier/Stortinget
Maleri av Napoleon til hest under et slag.
Foto: Malt av Horace Vernet, via Wikimedia Commons

Det var ikkje tilfeldig at Noreg fekk Grunnlova si i 1814.

I åra før var Europa prega av napoleonskrigane, der mange av Europas land var involverte.

Dette fekk store konsekvensar for Noreg.

På denne tida var ikkje Noreg eit sjølvstendig land, men ein del av Danmark. Det hadde vi vore i ca. 400 år. Men dette skulle det straks bli ei endring på.

Det gjekk nemleg ikkje så bra for Danmark i napoleonskrigene. Danmark kriga på Frankrikes side, og tapte. Sverige, derimot, var på den vinnande sida.

Portretter av de tre kongene Carl XIII, Christian Frederik og Frederik VI
play-button

I løpet av 1814 hadde Noreg tre kongar, var med i to unionar og kriga med Sverige. Sjå film om det som skjedde i 1814.

Nokre år tidlegare hadde Sverige måtta gi frå seg Finland til Russland, då dei sjølv tapte ei rekkje krigar. Men heller enn å prøve å vinne tilbake Finland, retta den svenske kronprinsen Karl Johan blikket mot Noreg.

Bilde av Kieltraktaten.
Foto: Rigsarkivet, København
Portrett av Christian Frederik
Foto: J. L. Lund / WikiCommons

I Noreg fall ikkje Kieltraktaten i god jord. Og det var spesielt éin mann som skulle bli særleg viktig i Noreg no.

Danske prins Christian Frederik hadde budd i Noreg under den danske unionstida. Han merka misnøya til nordmennene med å skulle bli kasta inn i ein ny union.

Samtidig ante han ei moglegheit for seg sjølv: Kva om han kunne bidra til at Noreg blei eit sjølvstendig land, og samtidig bli konge i Noreg?

Våren 1814: Heimeåleinefest i Noreg

Våren 1814 var Noreg i eit slags vakuum: Danmark hadde gitt frå seg Noreg til Sverige, men Sverige hadde enno ikkje komme for å ta over styringa. Karl Johan var framleis nede i Europa og kriga dei siste slaga i napoleonskrigene. 

Prins Christian Frederik nytta høvet til å samle 112 menn frå nesten heile landet, på Eidsvoll, for å skrive ein grunnlov.

Tegning av Eidsvollsbygningen med soldater og eidsvollsmenn utenfor.
Foto: Andreas Bloch / Stortinget

Dette var den mest liberale grunnloven Europa hadde sett på denne tida.

Dei blei òg samde om at danske prins Christian Frederik skulle vere konge i Noreg. Planen hadde vore å ha ein grunnlov klar til svenske Karl Johan kom heim frå krigen, og på denne måten krevje norsk sjølvstende. Men det fann ikkje svenskane seg i.

Nabokrangel: Krig mellom Noreg og Sverige

Karl Johan var fast bestemd på å få det han hadde blitt lova. Då Noreg nekta å gi Sverige makta, blei det krig mellom dei to landa i juli 1814. Krigen gjekk føre seg hovudsakleg i Østfold.

Tegning av soldater som sloss.
Foto: Andreas Bloch / WikiCommons

17. mai

Når vi feirar nasjonaldagen på 17. mai, er det altså først og fremst ideane om demokrati, ytringsfridom, maktfordeling og borgarrettar vi markerer.

Desse har stått seg til den dag i dag, og den norske Grunnlova er ein av verdas eldste som framleis er i bruk.