Alle som har stemmerett er med på å velje 169 kvinner og menn til Stortinget.
Desse kallar vi stortingsrepresentantar og dei tek avgjerder på vegner av heile folket.
1814 var et spennende år for Norge. I løpet av ett år hadde nordmennene tre ulike kongar og skreiv ei eiga grunnlov
Du kjenner kanskje til historia om 1814?
Året då nordmennene hadde tre ulike kongar og skreiv Grunnlova på Eidsvoll. Sjølv om dette er over 200 år sidan, er Grunnlova like viktig i dag.
I Grunnlova står det at Noreg er eit sjølvstendig land. Det betyr at vi som bur her, bestemmer over oss sjølv.
For oss i dag er dette sjølvsagt, men i 1814 var Noreg i union med Sverige. Då hadde vi felles konge og felles utanrikspolitikk med Sverige.
Grunnlova fortel oss at Noreg er eit monarki. Det betyr at vi har ein konge eller ei dronning som statsoverhovud. Då Grunnlova vart skriven i 1814, hadde kongen mykje makt. Slik er det ikkje lenger.
I Grunnlova står det at Noreg er eit demokrati. Noreg er eit folkestyre, og i eit folkestyre er det folket som bestemmer.
Alle som har stemmerett er med på å velje 169 kvinner og menn til Stortinget.
Desse kallar vi stortingsrepresentantar og dei tek avgjerder på vegner av heile folket.
I Noreg er det Stortinget som bestemmer kva lover vi skal ha. Når ei lov er ferdig, sørgjer regjeringa for at lova blir gjeldande i Noreg. Så er det domstolane si oppgåve å straffe dei som bryt lova. Kva slags straff ein kan få, står òg i lovene som Stortinget lagar.
Vi kallar dette maktfordeling. Det betyr at makta er fordelt på fleire. I Noreg er makta delt mellom Stortinget, regjeringa og domstolane.
Dei har ulike arbeidsoppgåver. Poenget med dette er å sørgje for at ingen får for mykje makt. Det er viktig i eit demokrati.
I Grunnlova står det fleire menneskerettar. Desse gjeld for alle som bur i Noreg. Rettane kan vere ting vi har lov til, eller ting vi skal beskyttast mot. Her er fire døme på menneskerettar i Grunnlova:
Ytringsfridom: Du kan seie, tenkje, skrive og meine det du vil.
Religionsfridom: Du kan sjølv velje om du vil tru på ein gud, og kva gud du vil tru på.
Rett til utdanning: Alle har rett til ei utdanning.