
Karl Johan, Christian Frederik og Frederik 6. spelte alle viktige roller i 1814.
Foto: Joseph Nicolas Jouy / Louis Aumont / Christoffer Wilhelm Eckersberg / WikiCommons
Oppgåve: Kven var kven?
Maktkamp, intrigar og konspirasjonar. Men også opplysning, optimisme og heltar. Tida rundt 1814 var eit kronglete møte mellom gamle tradisjonar og nye idear.
Nedanfor ser du nokre av dei som sat djupe fotavtrykk etter seg i 1814. Trykk på pluss-teikna for å lesa meir om dei.



Lag ein presentasjon om ein av dei som påverka Noreg i 1814
Du kan velja ein som var med å skriva Grunnlova, påverka dei som skreiv Grunnlova, deltok i krigar og konfliktar i andre land, eller som på ein annan måte har påverka det som skjedde i Noreg i 1814.
Presentasjonen kan vera ein film, tekst, podkast eller noko anna. Du bestemmer sjølv kva du ønskjer å trekkja fram om personen. Her er nokre tips til ting som kan vera med:
- Kven var personen? Viktige stikkord kan vera bakgrunn, yrkja, og posisjon i samfunnet.
- Kva rolle spelte personen i hendingane rundt 1814?
- Kva slags utfall av konfliktane rundt 1814 ønskte denne personen? Kva idear eller mål støtta personen?
Denne artikkelen er ein del av ein læringssti om Grunnlova og 1814. Trykk på knappen over for å gå til startsida.