
Sjølv om han vart rekna som liberal for si tid, var det mykje ved Grunnlova som ikkje ville vore demokratisk i dag. Mellom anna var det berre menn som fekk delta i politikken.
Foto: Andreas Bloch / Stortinget
Oppgåve: Kor demokratisk var eigentleg Grunnlova?
Sjølv om Grunnlova tok utgangspunkt i moderne og liberale idear, inneheldt den også store demokratiske hol. I alle fall sett med våre auge.
Mange viktige idear om både menneskerettar og korleis statar bør styrast, stammar frå opplysingstida.
Men på byrjinga av 1800-talet var desse ideane framleis ferske og litt umodne. Framleis var både framandhat og eit gammaldags syn på samfunnet framståande.
Nedanfor finnar de oppgåver med tre døme på at både samfunnet og Grunnlova har endra seg frå 1814 og til i dag. Vel eitt av oppgåvesetta. Jobb i små grupper eller individuelt. De vel sjølv korleis de vil presentera svara.
Røysterett
Grunnlovas paragraf 50 handlar om stemmerett. Sjølv om Grunnlova var moderne for si tid, var det framleis mange grupper som ikkje fekk delta ved val.
- Kva grupper hadde stemmerett ifølgje Grunnlova i 1814?
- Kva grupper fekk ikkje stemmerett i 1814?
- Kva var grunngivinga for å avgrensa stemmeretten slik ein gjorde?
- Lag ei tidslinje over utviklinga av stemmerett frå 1814 til i dag. Få med årstal og på kva måte stemmeretten vart utvida.
- Bør fleire grupper få stemmerett i dag? Nokre parti på Stortinget vil senka stemmerettsalderen til 16 år. Lag ei liste med argument for og mot.

Denne artikkelen er ein del av ein læringssti om Grunnlova og 1814. Trykk på knappen over for å gå til startsida.