Gå til innhold/innhald
Grunnloven med segl
Grunnlova frå 1814 vart signert med segl av alle dei 112 som var med på å skrive ho.
Foto: Stortinget

Kva er Grunnlova?

Grunnlova beskriv spelereglane i demokratiet. Men for at demokratiet skal fungere, må desse reglane respekterast av dei med makt i samfunnet.
  • 8.–10. VGS
  • Fordjuping
  • 20 min
  • VGS
  • 8.-10.

Lærerveiledning

Grunnloven er den viktigste loven i Norge, og definerer demokratiets spilleregler. I denne artikkelen kan elevene lese om disse spillereglene, og hvorfor de i blant må endres.

Om opplegget

Denne artikkelen setter Grunnloven inn i en historisk kontekst (opplysningstiden) og forklarer de tre prinsippene som Grunnloven er basert på: 

  • Folkesuverenitet
  • Maktfordeling
  • Borgerrettigheter

Den inneholder også en video om hva som skjedde i Norge og Europa i 1814.

Artikkelen er ment som en nyttig referanse i arbeid med annet materialet på Stortinget undervisning, eller i forbindelse med andre ting klassen jobber med.

Her er noen lenker til annet innhold som være relevante:

I Grunnlova står det for eksempel kven som har stemmerett, og korleis statsmakta skal vere delt på ulike institusjonar.

I tillegg blir det nemnt ein del rettar som alle i Noreg har, og som staten har ansvaret for å sikre oss. Desse inkluderer ytringsfridom, religionsfridom og retten til utdanning.

Kort oppsummert handlar Grunnlova om korleis Noreg skal styrast. Ho skal sikre at det politiske systemet vårt fungerer som det skal.

Opplysningstida og revolusjonar

Noregs grunnlov er den nest eldste i verda. Berre den amerikanske, frå 1787, er eldre. Både den norske og den amerikanske grunnlova vart skrivne i ei tid med store omveltingar i samfunnet.

Perioden frå slutten av 1600-talet til slutten av 1700-talet blir kalla opplysningstida. I denne perioden oppstod mange nye idear om korleis samfunnet bør vere.

Maleriet Scene at the Signing of the Constitution of the United States som viser de amerikanske grunnlovsmennene.
Den amerikanske grunnlova vart skriven i 1787.
Foto: Howard Chandler Christy/Wikimedia Commons.
Maleriet Eidsvold 1814.
Dei som skreiv vår grunnlov, var inspirerte av blant anna den amerikanske.
Foto: Teigens Fotoatelier/Stortinget

Heilt sentralt i desse ideane stod trua på at alle menneske har rett til fridom og til å bestemme over seg sjølve. Dette var noko heilt anna enn det mange var vande til, nemleg ei eineveldig kongemakt som ikkje tok omsyn til folkeviljen.

Mot slutten av opplysningstida slo ei bølgje av revolusjonar inn over Europa og Nord-Amerika.

Med revolusjon er det meint at det politiske og sosiale systemet i eit land blir velta om på kort tid – ofte etter store folkelege protestar mot dei med makt i samfunnet. Nokre av desse revolusjonane var vellykka, andre ikkje.

Dei viktigaste prinsippa i Grunnlova

I Noreg blir ikkje det som skjedde i 1814, rekna som ein revolusjon. Grunnlova vår vart skriven i eit forsøk på å sikre nordmenn mest mogleg sjølvstende då Noreg vart overført frå dansk til svensk styre etter Napoleonskrigane.

Samtidig heng dette saman med opplysningstida og revolusjonsbølgja andre stader. Dei som skreiv Grunnlova vår, var opptekne av dei same ideane som inspirerte den franske og amerikanske grunnlova.

Særleg var desse tre prinsippa viktige då Grunnlova vart skriven:

  • Folkesuverenitet
  • Maktfordeling
  • Borgarrettar 

Desse tre prinsippa har vore sentrale i Grunnlova sidan 1814. Til saman utgjer dei kjernen i demokratiet vårt.

Folkesuverenitet

Folkesuverenitet betyr at landet skal styrast slik folket ønskjer. Det betyr at politikarane våre skal få makta si frå folket.

Folket utøver den lovgjevande makta gjennom Stortinget.

Grunnlova § 49

Kvart fjerde år vel norske borgarar over 18 år kven som skal sitje på Stortinget. Desse bestemmer Noregs lover, kva staten skal bruke pengar på, og dei kontrollerer arbeidet regjeringa gjer.

Maktfordeling

Maktfordeling skal verne folket mot maktmisbruk. Makta til å styre landet blir difor delt mellom fleire institusjonar.

I Grunnlova er makta delt i tre: regjeringa (utøvande makt), Stortinget (lovgjevande makt) og domstolane (dømmande makt).

Dei tre statsmaktene har kvar sine arbeidsoppgåver:

  1. Stortinget vedtek lover og statsbudsjettet.
  2. Regjeringa førebur forslag til lover og statsbudsjett og gjennomfører det Stortinget bestemmer.
  3. Domstolane dømmer etter lovene.
Illustrasjon av maktfordelingstrekanten. Stortinget, regjeringen og domstolen i hvert sitt hjørne.
Maktfordeling går ut på at Stortinget, regjeringa og domstolane deler på statsmakta.
Illustrasjon: Stortinget

Borgarrettar 

Allereie i 1814 vart fleire grunnleggjande rettar skrivne inn i Grunnlova. Ytringsfridom, religionsfridom og rettstryggleik er nokon av  desse. Desse vart kalla borgarrettar.

I dag blir omgrepet «menneskerettar» brukt om det same. Menneskerettane går ut på at alle menneske er født frie og like.

Dei statlege styresmaktene skal respektere og sikre menneskerettane.

Grunnlova § 92

I tillegg til at desse er nemnde i Grunnlova, har Noreg forplikta seg til å følgje menneskerettane gjennom FN.

Grunnlova kan og må iblant endrast 

Grunnlova har bygd på desse tre prinsippa sidan 1814, men forståinga av kva dei skal bety i praksis, har endra seg.

Stortinget har gjort mange endringar i Grunnlova sidan 1814 for å «oppdatere» ho i takt med samfunnsutviklinga. Det er heilt nødvendig.

Masud Gharahkhani foran maleriet Eidsvold 1814.
Stortingspresident Masud Gharahkhani framfor måleriet «Eidsvold 1814». Stortinget gjer jamleg endringar i Grunnlova i takt med at samfunnet utviklar seg.
Foto: Stortinget

Det mest openberre eksempelet er utvidinga av stemmeretten. Då Grunnlova vart skriven, var stemmeretten avgrensa til menn over 25 år, som eigde eigedom. Frå slutten av 1800-talet og fram til 1970-talet vart Grunnlova endra gradvis for å gje fleire grupper stemmerett.

Eit anna eksempel er opphevinga av den såkalla jødeparagrafen i 1851. Opphavleg hadde heller ikkje jødar tilgang til Noreg, trass i at Eidsvollsmennene vedtok at vi skulle ha religionsfridom.


Korleis blir Grunnloven endra?

  • Forslag om å endre Grunnlova må bli lagt fram av stortingsrepresentantar.
  • Forslag til grunnlovsendringar blir fremja i éin stortingsperiode og behandla først i den neste. Denne forseinkinga gjer at veljarane kan gje uttrykk for meninga si ved å stemme på eit parti som dei deler syn med.
  • Grunnlovsendringar krev to tredjedels fleirtal i Stortinget, altså eit større fleirtal enn andre lovendringar.

Ei god grunnlov sikrar ikkje demokratiet aleine

Desse tre prinsippa blir rekna som nokon av dei viktigaste kjenneteikna for velfungerande demokrati. I Norge beskriv altså Grunnlova spelereglane for eit demokrati.

Samtidig er det viktig å vere klar over at ei «god» grunnlov ikkje garanterer eit godt demokrati.

Det finst mange eksempel i verda på at viktige demokratiske prinsipp, som maktfordeling, frie val og ytringsfridom, står nedfelte i grunnlova utan at styresmaktene varetek dei.

For at land skal vere demokratiske, må dei ulike statsmaktene respektere kvarandre og grunnlova.

Dei med politisk makt i samfunnet må for eksempel sørgje for at folket får høve til å delta ved val. Ei regjering må gjennomføre det den lovgjevande makta vedtek, og heller ikkje blande seg inn i avgjerdene til domstolane. 

Styresmaktene må heller ikkje leggje avgrensingar på pressefridomen til å lage maktkritisk innhald.