Gå til innhold/innhald
Kong Harald under Stortingets høytidelige åpning 2022
Kong Harald besøkjer Stortinget i forbindelse med opninga av Stortinget i oktober kvart år.
Foto: Stortinget

Bør Noreg bli republikk?

Visste du at Stortinget har vurdert å innføre republikk mange gonger? Har du tenkt på korleis Noreg ville sett ut dersom monarkiet vart avskaffa?
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • Oppgåve
  • 45 min
  • VGS
  • 8.–10.

Lærerveiledning

Hva om vi innførte republikk i stedet for monarki? Diskutér med elevene!

Om opplegget

Denne undervisningsressursen inneholder en artikkel som forklarer forskjellen på monarki og republikk, og en video med et utdrag fra Stortingets debatt om å innføre republikk i 2022.

Gjennom opplegget utforsker elevene spørsmål knyttet til demokrati og styresett. Det passer for elever i ungdomsskolen og videregående skole.

Forberedelser

Det er ikke nødvendig med noen forberedelse før dere gjennomfører diskusjonen. Her er noen lenker til artikler som kan gi nyttig bakgrunnsinformasjon om kongens rolle, partienes ideologi og Grunnloven:

Gjennomføring

Her er et forslag til hvordan opplegget kan gjennomføres i klasserommet. Opplegget kan gjennomføres på en skoletime.

  1. Sett av tid til at elevene får lest artikkelen. Se gjerne videoen sammen.
  2. Oppgavene nederst på siden er delt i to bolker:
    1. De første oppgavene handler om debatten i Stortinget og partienes argumentasjon.
    2. Deretter følger noen oppgaver om monarkiets plass i demokratiet vårt.

Det kan være lurt å la elevene diskutere de første spørsmålene i små grupper, mens dere tar neste bolk i plenum.

At Noreg er eit monarki, med ein konge som statsoverhovud, står i Grunnlova. I praksis har ikkje kong Harald noka politisk makt, men kongen skal godkjenne alle lovendringar Stortinget vedtek.

Men kva ville skjedd dersom vi fekk republikk i staden? På kva måtar ville vi ha merka det? Berre på 17. mai? Eller andre dagar også?


Kan Stortinget avskaffe monarkiet?

  • Dersom Noreg skal endre styreform til republikk, må Grunnlova endrast. Det kan Stortinget gjere, men det er vanskelegare enn «vanlege» lovendringar.
  • Forslag til grunnlovsendringar må leggjast fram i éin stortingsperiode og behandlast først i den neste. Forseinkinga gjer at veljarane kan seie meininga si ved å stemme på eit parti dei deler syn med.
  • Grunnlovsendringar krev to tredjedels fleirtal i Stortinget, altså eit større fleirtal enn andre lovendringar.
  • Forslag om å endre styreform til republikk har vorte stemt over mange gonger sidan 1905, men har aldri vore i nærleiken av å få fleirtal.

Kva er eigentleg ein republikk?

Republikk er ikkje ei bestemt styreform. Ofte blir omgrepet «republikk» brukt som ein motsats til nettopp monarki.

Over 150 av landa i verda er republikkar. Blant desse finst både demokrati og diktatur. Men også mellom demokratiske republikkar er det store forskjellar.

Den republikken som er best kjend her i Noreg, er kanskje USA. I USA er presidenten vald av folket og fungerer både som regjeringssjef og statsoverhovud. Dette blir kalla presidentstyre.

Joe Biden holder en tale.
USAs president Joe Biden.
Foto: Jim Lo Scalzo / EPA / NTB

Andre republikkar liknar meir på vår styreform, for eksempel Tyskland og Island. I desse landa blir regjeringa danna med utgangspunkt i storleiken på partia i parlamentet, akkurat som i Noreg.

Denne forma for republikk blir kalla parlamentarisk republikk. Her er rollene som statsoverhovud og regjeringssjef skilde frå kvarandre. Rolla som statsoverhovud er gjerne mest symbolsk, medan rolla til regjeringssjefen minner om rolla til statsministeren i Noreg.

Kva meiner Stortinget?

Førre gong Stortinget debatterte om Noreg skulle endre styreform til republikk, var i 2022. Då stemte 35 av 169 representantar for. Her kan du sjå eit kort samandrag av debatten:

play-button

Kva meiner de? Diskuter oppgåvene under!

Oppgåver om debatten i Stortinget

Sjå utdraget frå debatten i Stortinget over.

  1. Kva argument blir brukte for og mot forslaget?
  2. Representanten frå Arbeidarpartiet seier at han er republikanar i hovudet, men monarkist i hjarta. Kva meiner han med det?
  3. Framstegspartiet vil behalde monarkiet og argumenterer med at statsoverhovudet lettare blir polariserande i ein republikk. Kva meiner dei med det?
  4. Legg merke til kva parti som er tilhengjarar og motstandarar av monarkiet. Kan du knyte dette til ideologien til partia?
1 / 2
Grunde Almeland i stortingssalen
Foto: Stortinget