Gå til innhold/innhald
Tre barn sitter ved siden av hverandre og skriver på en pc.
Foto: Pexels/Max Fischer

Del 5: Oppsummer

No har de teke ordet sjølv! Til slutt skal de lage ei oppsummering eller ein rapport av oppgåva.

I teksten under får du hjelp til kva du bør ha med i oppsummeringa. Denne oppgåva kan de gjere kvar for dykk.

Fortel om saka

Skriv om kva sak de valde, og korleis de kom fram til ho. Var de samde, eller stemde de over fleire saker? Kvifor valde de akkurat denne saka? 

Fortel om korleis de skreiv om det

Fortell om kva for eit av forslaga de valde, og korleis du synest det gjekk. Kanskje var det noko som var spesielt vanskeleg eller spesielt gøy? 

Fortel om organisasjonen

De har kanskje allereie laga ein presentasjon om ein organisasjon. Korleis fann de fram til akkurat denne organisasjonen? 

Fortel om demonstrasjonen

Gjennomførte de ein demonstrasjon? Fortel om korleis de gjennomførte han. Kor demonstrerte de? Kva laga de? Fekk de nokon reaksjonar? 

Eigen refleksjon

Skriv litt om korleis du synest det har vore å jobbe med denne oppgåva. Korleis jobba de i gruppa? Korleis fordelte de oppgåver? 

Retten til å seie kva ein meiner, står i Grunnlova. Ytringsfridom er viktig for demokratiet vårt. Kvifor er det viktig at ein kan ta ordet sjølv, og seie kva ein meiner? Korleis trur du det hadde vore om det ikkje var lov å ytre seg?

Gå tilbake til startsida