Gå til innhold/innhald
Hånd som holder rundt en penn og skriver i en bok
Foto: pexels/picjumbo.com

Del 2: Skriv om det!

Ord kan nå veldig mange, og er ein fin måte å fortelje om saka deira på.

Så langt har de funne ut kva sak de vil jobbe med, og kven det er lurt å kontakte. No skal de få prøve ut ulike måtar å fortelje dei kva de meiner.

Vel eitt eller fleire av forslaga under!

Skriv eit lesarinnlegg

Snakk saman først: Kva er eit lesarinnlegg? De treng noko å skrive på og med.

Lag en løpesetel (flyer)

Snakk saman først: Kva er ein løpesetel? «Flyer» er det engelske ordet som ofte blir brukt også på norsk. De treng:

  • Papir eller liknande til å skrive, teikne eller måle på.
  • Kopimaskin om de vil ha mange løpesetlar å dele ut.

Skriv ein tale

Snakk saman først: Kva kjenneteiknar ein tale? De treng noko å skrive på og med.

Skriv ein e-post eller eit brev

Snakk saman først: Korleis skriv ein ein e-post eller eit brev? De treng noko å skrive på og med.

Tips til skrivinga

  • Få fram det viktigaste først.
  • Bruk punkta de vart einige om i klassen eller gruppa.
  • Få fram korleis det er no, og korleis det burde vere.
  • Hald dykk til saka. 
Elever skriver i skolebøker.
Foto: Pexels