Gå til innhold/innhald
To personer gir hverandre en "high five"
Foto: Pexels/Zen Chung

Del 1: Finn ei sak

Start med å diskutere ulike saker. Det er viktig at alle får komme med forslag og seie si meining.

Er det vanskeleg å komme på ei sak? Prøv å diskutere om det er noko de synest er urettferdig. Viss det er vanskeleg å bli samde, kan de stemme over forslaga.

Kva vil de endre?

No skal de beskrive saka dykkar:  

  • Skriv to eller fleire punkt om korleis det er no, og kvifor de ønskjer å forandre dette. 
  • Skriv to eller fleire punkt om korleis de synest det burde vere. 
  • Lag eit slagord! 

Kven vil de påvirke?

No skal de finne ut kven de bør kontakte. 

  • Kven er det som bestemmer det de ønskjer å forandre? Er det foreldra dykkar, læraren dykkar eller kanskje rektor? Eller er det kommunen, Stortinget eller regjeringa? 
  • Diskuter korleis de kan få kontakt med dei og presentere meninga dykkar. Kanskje kan de be om eit møte med dei, skrive brev, e-post eller eit lesarinnlegg i lokalavisa?