
Foto: Stortinget
Kven bestemmer i Noreg?
Og kva bestemmer du?
Start med å diskutere saman
Sitt saman med læringspartnaren din. Vel to spørsmål de vil snakke om.
- Kva bestemmer du?
- Kven bestemmer kva heime hos deg?
- Kan vaksne gjere som dei vil?
- Kven bestemmer i leik?
- Kan fleire bestemme samtidig?
- Kva er den beste måten å bli samde om noko på?
- Kva gjer de om de er usamde?
- Kven bør bestemme reglane i klassen?
- Kvifor kallar vi Noreg eit demokrati?
- Kvifor har vi avstemmingar?
- Er det greitt at berre éin bestemmer?
- Finst det ulike måtar å stemme på?

Foto: iStock
Folka bestemmer
Hugsar du korleis dei bestemde ting i Athen? Då møtte alle opp på eit berg i byen. Så stemde dei saman. Sånn er det ikkje i Noreg. Det hadde vore vanskeleg å få til.

Foto: Sturlason/Oslo kommune
Vi vel dei som skal bestemme
I staden vel vi 169 menneske som skal bestemme for oss. Desse jobbar saman på Stortinget. Vi kallar dei stortingsrepresentantar.
Stortingsrepresentantane bestemmer kva lover vi skal ha i Noreg. Dei bestemmer også korleis vi skal bruke Noregs felles pengar.

Dette er stortingsbygningen.
Foto: Stortinget

Dette er stortingssalen.
Foto: Stortinget
Oppgåve: Lag tankekart
Jobb saman med læringspartnaren din.
Sjå på presentasjonen. Til kvart bilete lagar dykk eit tankekart. Der skriv de kva de tenkjer på når de ser biletet.
Til dømes:
- Kven eller kva er det bilete av?
- Kva veit de om dei?
- Kva arbeidsoppgåver har dei?
- Kva bestemmer dei?

Foto: iStock