
Foto: StockPlantes / iStock
Kva er viktig i eit demokrati?
Her lærer de meir om kva demokrati er.
Vi bestemmer saman
I eit demokrati er det mange som samarbeider om å bestemme. Det betyr at ein person eller nokre få ikkje kan bestemme alt.
Vi kan velje fritt
I eit demokrati kan vi velje fritt og som vi sjølv vil. Om de har ei avstemming i klassen, så kan du stemme på det du meiner er rett.
Likevel kan vi ikkje gjere alt vi vil. I Noreg har vi mange reglar og lovar, som alle må følgje.

Foto: Skynesher / iStock
Vi kan seie det vi meiner
I eit demokrati er det lov å ha ei eiga meining og fortelje denne høgt. Om du er usamd med læraren din, dei vaksne heime eller kanskje med statsministeren, så har du rett til å seie frå. Då er det viktig at du behandlar andre med respekt.
Vi har rettar
I eit demokrati har alle rettar. Alle har rett til å gå på skule. Vi har rett til å vere den vi er. Og å tru på det vi sjølv vil.
Velg en av oppgavene
Munnleg oppgåve
- Fortel om ein gong de var fleire som bestemde noko saman.
- Fortel om ein gong noko vart bestemd utan at du fekk seie meininga di.
Skriftleg oppgåve
- Lag ei forteljing om korleis hadde det vore viss berre ein person bestemde alt.
- Har de demokrati i klasserommet? Skriv ned nokre reglar de har for eit godt demokrati i klassen.
Kunst- og handverksoppgåve
- Korleis ser demokrati ut for deg? Teikn, mal eller lag ein kollasj som heiter «demokrati». Her kan du bruke teksten som inspirasjon!

Foto: pexels-mccutcheon