Gå til innhold
Maleri av et folkemøte i gamle Hellas. En mann står med hånden i været og taler til folkemengden. Folkemengden består av både menn og kvinner, noen sitter og andre står.
Maleri: Philipp Folz

Demos, kratos, demokrati!

Her får du lese om det første demokratiet i verda.

Kva betyr demokrati?

Demos betyr folk og kratos betyr styre. Demokrati betyr altså folkestyre. 

Kven skal bestemme?

Ordet demokrati fortel om kven som skal bestemme i eit land. I eit demokrati er det folket som bestemmer. Det betyr at det er mange som bestemmer saman.

Bilde av hender som støtes mot hverandre. Teksten Demokrati = Folkestyre.
Foto: iStock/Stortinget

Det første demokratiet i verda

Det første demokratiet i verda var i Athen. Det oppstod for omtrent 2500 år sidan. Athen er i dag hovudstaden i Hellas. 

Alle måtte møte opp for å stemme

Når folket skulle bestemme ting i Athen, møttest dei på eit lite berg i byen. Der stemde dei over ulike ting. Til dømes kva lover dei skulle ha i byen. Fleirtalet bestemde.

Steinruiner i Athen
Dette er den gamle talarstolen i Athen.
Foto: Istock

Kunne alle stemme? 

Nei, ikkje alle fekk stemme i Athen. Kvinner hadde ikkje stemmerett. Dei som hadde flytta til Athen frå andre byar, fekk heller ikkje stemme. På denne tida var det fleire som var slavar, og slavane fekk ikkje stemme.

Oppgåver

Jobb saman i små grupper.

  1. Kva betyr orda demos og kratos?
  2. Kva språk trur dykk dei to orda kjem frå?
  3. Kan vi møte opp ein stad for å stemme over lover i Noreg?
  4. Kva synest du om at kvinner ikkje fekk lov til å stemme i Athen?
  5. Fortel om ein gong du var med i ei avstemming!
Spørsmålstegn
Illustrasjon: Stortinget