

Lag eit demokratisk bygg!
I kjernen av demokratiet finn vi menneska. Vi kan snakke saman, påverke avgjerder som gjeld oss, si kva vi meiner og vi har lik tilgang til grunnleggjande rettar.
Demokrati handlar ikkje berre om val. Eit demokratisk samfunn har mange kjenneteikn:
- Openheit og tillit
- Ytringsfrihet
- Medvirkning og representasjon
- Likestilling
- Menneskerettigheter
Dette krev noko av bygningane og miljøet rundt oss. Eit demokratisk samfunn bør til dømes ha gode sosiale møteplassar for alle, og ein infrastruktur som gir alle tilgang til reint vatn og gode sanitærforhold.
Korleis kan arkitektur bidra til demokrati?
Tenk på dei ulike bygningane der du bur. Nokon har ein tydeleg demokratisk funksjon, som rådhus og tinghus. Andre, som bibliotek, idrettsanlegg, kontorlokale, kjøpesenter eller museum, har andre funksjonar. Men også desse kan støtte opp om demokratiet.
Eit kjøpesenter må til dømes bidra til likestilling ved å ha universell utforming. Dette betyr at mellom anna blinde, døve og rullestolbrukarar har lik tilgang som andre.
Offentlege toalett og tilgang på reint drikkevatn dekkjer grunnleggjande menneskerettar.
Ei bustadblokk kan bidra til å skape tillit og openheit mellom folk ved å ha gode fellesområde og møteplassar. Fargane på fasaden, storleiken på vindauga og høgda på bygget kan også ha mykje å seie.


Stortingsbygningen er ein av dei viktigaste politiske bygningane vi har i Noreg. Stortingssalen, der dei folkevalde tek avgjerder som påverkar oss, er alltid opne for publikum når det er stortingsmøte. Salen er også lagd på “utsida” av bygget – nær folket. Bygget har store vindauge for å symbolisere openheit.

Kva synest du om desse?
Under ser du ulike bygningar i Noreg. Korleis synest du dei støttar opp om dei demokratiske kjenneteikna over?
Foto: Creative Commons
Korleis ville du laga ein demokratisk bygning?
No skal du lage ein modell av din eigen bygning!
Du bestemmer sjølv kva slags bygning det skal vere. Skule, rådhus, bibliotek eller kanskje ein heilt ny stortingsbygning? Det er opp til deg!
Det einaste kriteriet er at han må støtte opp under minst eitt demokratisk prinsipp.
Du lagar bygningen som ein modell med ulike materiale.
Dette er ei prosjektoppgåve. Kor lang tid du bør bruke på oppgåva avtaler du med læraren din.
Tenkjetips:
- Bør bygningen vere høg eller låg?
- Skal vindauga vere store eller små?
- Kva materiale skal bygningen bestå av?
- Er bygningen tilgjengeleg for alle?
- Kva med området rundt bygningen? Skal det vere ein hage, eit parkområde eller noko anna?
Undervegs i arbeidet skal du fylle ut eit arbeidsskjema.






