Gå til innhold/innhald
Ni kvinner
Dagens parlamentariske leiarar på Stortinget er kvinner. f.v. Lan Marie Nguyen Berg (MDG), Kirsti Bergstø (SV), Olaug Bollestad (KrF), Rigmor Aasrud (A), Sylvi Listhaug (Frp), Erna Solberg (H), Marit Arnstad (Sp), Guri Melby (V), Marie Sneve Martinussen (R) og Irene Ojala (PF). Foto: Peter Mydske/Stortinget
Foto: Stortinget

Kvinner i politikken

Kvinners inntog i politikken var ein viktig milepæl i utviklinga av demokratiet i Noreg.
  • 8.-10.
  • Video
  • Oppgåve
  • 90 min
  • 8.–10.

Lærarrettleiing

Gjennom dette oppgåvesettet lærer elevane om kvinneandelen i både norsk og internasjonal politikk.

Om opplegget

Dette opplegget handlar om kvinners representasjon i politikken, lokalt, nasjonalt og globalt. Det inneheld ein video om utviklinga i representasjon i Noreg, og dessutan tre sider med ulike oppgåver.

Nokre av oppgåvene er tverrfaglege og svarer til kompetansemål i både samfunnsfag og matematikk. Oppgåvene er godt eigna til å jobbe saman i par eller små grupper. Dei heng saman tematisk, men kan jobbast med kvar for seg.

Førebuingar

Nokre av oppgåvene krev forkunnskapar om korleis ein lagar diagram og grafiske framstillingar av statistikk.

Gjennomføring

Her er eit forslag til korleis opplegget kan gjennomførast i klasserommet. Opplegget kan gjennomførast på ein–to skuletimar, men kan óg tilpassast til å gå over lengre tid. 

  1. Snakk om tema i plenum. Sjå gjerne videoen i opplegget saman.
  2. Del klassen i grupper som jobbar med kvar si av dei tre deloppgåvene nedst på sida. Gruppene kan óg jobbe med alle tre.

På Stortinget sit 169 stortingsrepresentantar valde inn frå heile landet. Å representere betyr å snakke for, og å ta avgjerder på vegner av andre. God og balansert representasjon i politiske institusjonar er viktig for eit velfungerande demokrati.

Eit demokrati kan ikkje bli representativt før alle får høve til å delta. Éi stor gruppe som lenge var utestengd var kvinner.

Filmen nedanfor, som vart laga i 2021, gir deg eit overblikk over utviklinga av kvinneleg representasjon i norsk politikk: Frå dei første pionérene til dagens Storting, der nesten halvparten er kvinner.

play-button

Sjå film om utviklinga av kvinners deltaking i norsk politikk!

Oppgåver om kvinneleg representasjon 

Under finn du tre ulike oppgåver. Del dykk i grupper, og vel éin eller fleire de vil jobbe med.