
Foto: JackF/Istock
Del 2: Diskusjon
Under finn de ei liste med spørsmål. Diskuter spørsmåla i gruppa. Skriv ned undervegs.
Stemmerett
- Kva tenkjer de om at alle under 18 år ikkje har stemmerett i Noreg?
- Må ein bruke stemmeretten sin?
Kva berre nokre få bestemde
Kvifor er det eit problem dersom berre éin person eller ei lita gruppe kan bestemme alt (bestemme lovene, styre landet og straffe)?
Openheit
- Openheit er viktig i eit demokrati. Kan de kome på eitt eller fleire eksempel på noko det er viktig at folket får vite?
- Kva betyr «sensur»?
Kva om?
Vel eitt av punkta under. Korleis ville Noreg vore annleis i dag dersom vi mangla dette?
- frie val
- maktfordeling
- menneskerettar
- openheit