Gå til innhold/innhald
To jenter sitter på en benk med en laptop på fanget.
Foto: Pexels/Mary Taylor

Del 1: Artikkel

Her kan du lese om noko av det som er det aller viktigaste i eit demokrati.

Folket skal bestemme

I eit demokrati er det folket som bestemmer. I Noreg kan alle som har stemmerett, vere med og velje dei 169 representantane som skal sitje på Stortinget, og dei som skal styre kommunane. 

Det motsette av eit demokrati er eit diktatur. I eit diktatur er makta samla hos éin person eller hos ei lita gruppe. 

Vala må vere frie

I eit demokrati må alle vaksne kunne bruke stemmeretten sin og velje sjølve kva parti dei vil stemme på. Vi må også ha fleire valmoglegheiter, altså fleire parti å velje mellom. 

En rekke telt, eller valgboder, som representerer ulike partier står samlet i en gate.
I eit stortingsval stemmer ein på personar frå ulike parti. I Noreg kan ein stemme på kven ein vil.
Foto: Heiko Junge/NTB

Det ville ikkje ha vore demokratisk dersom vi berre hadde eitt parti å stemme på, eller dersom vi vart tvinga til å stemme på eitt bestemt parti. 

Makta må delast

I eit demokrati skal makta delast mellom fleire. I Noreg er makta delt mellom Stortinget, regjeringa og domstolane. Stortinget skal lage lovene, regjeringa skal styre landet, og domstolane skal straffe dei som bryt lova. 

Dersom berre éin person eller ei lita gruppe menneske gjer alt – bestemmer lovene, styrer landet og straffar – er det ikkje demokratisk. 

Alle må ha menneskerettar

Eit demokrati må ha menneskerettar, og dei må gjelde for alle. Ein menneskerett er religionsfridom, altså retten til å tru på den religionen du vil.

Ytringsfridom er også ein menneskerett og handlar om retten til å seie det du meiner. 

Miljøpartiet de Grønne under parolen ‹‹Jobb mindre, lev mer›› i 1. mai toget i Oslo.
Foto: Kerstin Mertens / Samfoto

Dersom vi kunne få fengselsstraff dersom vi var kritiske til dei som bestemmer, eller vi ikkje kunne velje vår eigen religion, ville det ikkje ha vore demokratisk. 

Det må vere openheit

I eit demokrati må innbyggjarane få vite kva som skjer i samfunnet. Media, som aviser og TV, har ein viktig jobb med å fortelje oss kva som skjer, for eksempel kva Stortinget og regjeringa gjer.

Media skal kunne skrive kritisk om kva som skjer, utan at nokon bestemmer kva dei får lov til å skrive. 

Journalister sitter ved siden av hverandre i presselosjen i stortingssalen.
Pressa har eigne plassar inne i stortingssalen, og kan følgje med på kva som skjer i møta.
Foto: Stortinget
I vandrehallen gjør pressen intervjuer med stortingsrepresentantene.

Dersom viktige ting blir skjulte for folket, eller dersom media ikkje får jobbe fritt, er det ikkje demokratisk. 

Grunnlova vernar demokratiet

Alt dette står skrive i Grunnlova. Der står det korleis landet skal styrast. Grunnlova er vanskeleg å endre. Det bidreg til å verne demokratiet vårt.