
Kva kjenneteiknar eit demokrati? Og kva kan true det?
Kva er eit demokrati?
For at ein fotballkamp skal fungere, må laga følgje dei same reglane. Om dei ikkje er samde om korleis dei skal spele, blir det kaos og resultatet blir ikkje til å stole på.
Akkurat sånn er det i eit demokrati også: Dei ulike laga, eller partia, ønskjer seg ulike politiske resultat, men dei må vere samde om spelereglane. Om ikkje, blir ikkje resultatet rettferdig.

Så, kva reglar gjeld i eit demokrati? Jamlege val og stemmerett for alle over 18 år er viktige, men er det nok?
Kva om berre eitt parti har reelt høve til å vinne valet? Kva om politikarane som har makta bruker henne til å undertrykkje delar av befolkninga?
Eller kva dersom den eine stemma du avlegg ved val er den einaste moglegheita du har til å seie kva du meiner i løpet av fire år?

Meir enn berre val
Valg er viktig i eit demokrati, men ikkje nok åleine. For at land skal vere eit godt demokrati, må fleire ting fungere saman.
Tenk på demokratiet som ei maskin med mange tannhjul. Viss eitt tannhjul stoppar, kan heile maskina svikte. Då blir demokratiet svekt, og kan i verste fall bryte heilt saman.
Demokratiet må passast på. Det gjer vi ved å delta. Anten gjennom val, demonstrasjonar eller bruke ytringsfridommen vår på andre måtar.
Sjølv i land med lange demokratiske tradisjonar, som til dømes Noreg, kan demokratiet utfordrast og truast.
På denne sida kan du lese meir om kva som kjenneteiknar eit sterkt demokrati, og kva som kan true det. Bruk menyen øvst på sidan for å utforske dei ulike kapitla.