Gå til innhold/innhald
Skoleelever stemmer ved skolevalg.
På dei fleste vidaregåande skular blir det arrangert skuleval før både lokalval og stortingsval. Her frå Foss vgs. i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Bør 16-åringar få stemme?

11. september 2023 var det lokalval. Det kan ha vore eit av dei siste lokalvala der 16- og 17-åringar ikkje fekk delta.
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • Oppgåve
  • 45 min
  • VGS
  • 8.–10.

Lærerveiledning

Hva om også Norge senket stemmerettsalderen til 16 år? Diskutér med elevene!

Om opplegget

Denne undervisningsressursen inneholder en artikkel som kort beskriver tematikken rundt 16-årig stemmerett og en video med et utdrag fra Stortingets debatt om å innføre dette i 2022.

Målet med opplegget er at elevene skal bli kjent med debatten om stemmerett for 16-åringer, og reflektere rundt sin egen rolle i demokratiet. Det passer for elever i ungdomsskolen og videregående skole.

Forberedelser

Det er lurt å ha grunnleggende kjennskap til stemmerette og demokratiets utvikling. Ut over det kreves ingen forberedelser.

Gjennomføring

Her er et forslag til hvordan opplegget kan gjennomføres i klasserommet. Opplegget kan gjennomføres på en skoletime.

  1. Sett av tid til at elevene får lest artikkelen. Se gjerne videoen sammen.
  2. Nederst på siden finner du noen diskusjonsoppgaver. Oppgavene kan diskuteres i små grupper eller i plenum.

Stortinget har fleire gonger debattert om stemmerettsalderen skal senkast til 16 år ved både stortingsval og lokalval.

Første gong var i 2002, førebels siste gong var i 2022. Då stemde eit knapt fleirtal mot å senke stemmerettsalderen ved lokalval.

play-button

Sjå samandrag av debatten om stemmerett for 16-åringar frå juni 2022.

Politikk angår også ungdom

Ein som meiner det er på tide at Noreg innfører stemmerett for 16-åringar, er Ingvild Wetrhus Thorsvik frå Venstre. Ho var éi av dei som stod bak forslaget då Stortinget debatterte det sist.

Ho meiner det vil vere ei utviding av demokratiet å senke stemmerettsalderen til 16 år.

Stortingsrepresentant Ingvild Thorsvik
Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) var éi av dei som stod bak forslaget då Stortinget stemde over stemmerett for 16-åringar i 2022.
Foto: Baard Salvesen/Venstre

- 16-åringar kan i aller høgaste grad bli påverka av dei avgjerdene som blir tekne både i kommunestyre og på Stortinget. Då må dei også få bruke stemma si, seier ho.

Thorsvik meiner det er mange politiske saker som har større følgjer for unge enn for eldre:

- Avgjerdene til politikarane får store konsekvensar for unge. Kva politikarane bestemmer no i klima- og miljøsaker, må dei yngre generasjonane leve med konsekvensane av i framtida. I mange saker som er aktuelle her og no, kjenner 16-åringane problemstillingane nærare på kroppen enn eldre generasjonar, seier ho.

I verda

Det vanlegaste i verda er at ein får stemmerett det året ein fyller 18. Slik er det til dømes i alle dei nordiske landa.

Nokre land i verda har likevel senka stemmerettsalderen til 16 år, blant anna Brasil, Argentina og Cuba.

I Europa er det også fleire land som har lågare stemmerettsalder, anten ved nasjonale val eller ved lokalval:

Europakart hvor land med stemmerettsalder lavere enn 18 år er markert. Skottland: 16 år til det skotske parlamentet og i lokalvalg. Wales: 16 år til det walisiske parlamentet og i lokalvalg. Tyskland: 16 år ved lokalvalg i 7 av 16 delstater. Sveits: 16 år ved lokalvalg i én av 23 kantoner. Estland: 16 år ved lokalvalg. Østerrike: 16 år. Malta: 16 år. Hellas: 17 år.
Europeiske land med lågare stemmerettsalder enn 18 år.
Illustrasjon: Stortinget

Lista over land der 16- og 17-åringar har stemmerett, kan bli lengre  dei neste ti åra.

Særleg er det nettopp klimaendringane som har utløyst debatt om dette fleire stader. Mange meiner at også yngre veljarar bør få påverke miljøpolitikken gjennom å delta i val.

Samtidig meiner mange at 16- og 17-åringar ikkje er modne nok til å stemme, og ikkje har god nok innsikt i mange av dei politiske sakene som er viktige i eit val.

I ei rekkje land, som Sverige, Italia, Spania og Frankrike, har forslag om å senke stemmerettsalderen nyleg blitt nedstemde i parlamentet, akkurat som i Noreg.

Oppgåver

Diskuter to og to eller i små grupper.

  1. Sjå utdraget ovenfor frå debatten i Stortinget om stemmerett for 16-åringar. Kva argument blir brukte for og mot forslaget?
  2. Klima- og miljøpolitikk blir ofte trekt fram som ei sak som vil påverke liva til unge i større grad enn eldre. Kan du komme på fleire saker som gjeld 16- og 17-åringar meir enn vaksne?
  3. I løpet av 2000-talet har 16- og 17-åringar fått stemmerett i fleire land i verda, både i lokalval og i nasjonale val. Bør det skje også i Noreg, anten lokalt, nasjonalt eller begge delar? Diskuter i klassen.
En stemme avlegges i en stemmeurne.
Foto: Sturlason/Oslo kommune